fredag 18. oktober 2019

Ei natt forbi -


- dog ikkje i ensomt monarki.

Miljøvenleg og økonomisk (?) som eg er, var eg ute i god tid med kjøp av billett då eg bestemte meg for ei helg på Lillehammer. Og for å få mest mogeleg ut av helga, satsa eg friskt og tinga meg sitjeplass på natt-toget.
Eg sov sist eg reiste på den måten og tenkte at det går heilt fint.





I bagasjen hadde eg pakka med meg ein tynn sovepose og ei god pute. Så med lydbok frå biblioteket, såg eg fram til ein roleg tur over fjellet. 

Og eg fekk sova. Litt.
Men det hende likevel at eg var vaken innimellom. Då var det med stor interesse, eg observerte det som skjedde rundt meg. Sånn i smug.
Det var sanneleg ikkje alle som hadde fått med seg at dette var eit natt-tog. Heller ikkje veit eg om eg vakna av meg sjølv eller det som skjedde i togvogna, men det er no heller av uvesentleg betydning. Reiseforma var fullstendig frivillig.


Men at personen eit par seter bak meg, som opprinneleg hadde plass ved sida av meg, hadde ein fantastisk ringetone, det skal vera sagt. Lyden kunne måla seg med ringeklokka på Norheimsund Barneskule i 1967. Og den gav lyd frå seg ganske mange gonger i løpet av natta. Ikkje løye han ville byta sete til ein rolegare plass, bak i kroken.

Og to seter fram, skulle dei oppdatera familien så lenge. Ein familie som antageleg befant seg på andre sida av jorda.  Ein familie i ei tidssone der borna var veldig små og veldig vakne. Og samtalen foregjekk på høgtalar.
Vel framme i Oslo, var det berre å gå til andre sida av perrongen, for å ta toget vidare. I alle fall sa konduktøren det. Det han ikkje sa, var at det toget som kom fyrst, berre skulle til Eidsvoll. Og at Eidsvoll kjem før Lillehammer, noko eg sjølvsagt burde visst. Og for så vidt veit, men ikkje klokka veldig tidleg om morgonen. Han sa heller ikkje at det toget som kom fyrst, var pittelitt forsinka, slik at det kom sånn omtrent då det toget som skulle til LIllehammer, skulle koma.
Så då alle om bord gjekk av på Gardermoen, ante eg ugler i mosen.

Toget stansa på Eidsvoll og heldigvis kom ein kjempehyggelig konduktør som visste råd. Eg kunne hoppa på toget til Lillehammer som kom like etter, berre eg kom meg over (under) til neste perrong. Eg jazza avgårde og kom opp på neste perrong i det same toget til Lillehammer rulla inn på stasjonen. Men ikkje på min perrong! Nei, det rulla inn på den eg nettopp hadde forlatt i ein hesebles. Og før eg var komen attende dit, var toget gått.



Men heldigvis, her var det kun ein time til neste. Så eg sette meg ned på ein benk og nistirra på skjermen, for å vera sikker på at det ikkje var eit nytt perrong-skifte på gang.
Etter å ha sete ute og nistirra, i halvkaldt og vått haustver, må eg seia det var godt å koma om bord i rett tog til rett destinasjon.

No er eg i hus.
Her er nyoppreidd seng og varm te.

Dette vert ei bra helg! 


Og om eg tek natt-toget fleire gonger?
Ja, det trur eg. Eg må berre vera litt meir observant!

torsdag 17. oktober 2019

Ein god heim


Av og til ser eg på programma der arkitektane syner fram heimane sine.
Og somme gonger  gjer det også litt vondt i misunnelses-senteret.
Det er så mykje fint der ute.


(Og av og til noko stygt.)

I går såg eg programmet om Aina/Einar Dahle. Det gjorde godt.
Og noko ho sa gjorde endå betre;
Ein definisjon på ein god heim, er ein heim du ikkje vil forlata. Ein heim du vil koma heim til.







Eg har gjerne tenkt at eg er altfor heimekjær. Her eg stressar avgårde for å nå bussen heim. Eg MÅ heim, så fort som mogeleg.
Og årsaka har heile tida vore den at eg har ein god heim!
Det er jo ganske flott, tenkjer eg.

Eg har verdens rekord i "nips". Det heng saker og ting på dei mest utrulege stader, i den vesle heimen min.
Det er noko av det som gjer det det til ein god heim.
For meg.





For nokon er det å ha ein god heim, det å ha ein hage. Og for andre er ein god heim, å ha ein verkstad.

Men definisjonen er uansett; "et hjem du ikke vil forlate. Et hjem du vil komme hjem til". 













I kveld forlet eg heimen.Eg tek toget over fjellet  for å besøkja gode vener.
Dei har også ein god heim å koma til, så overgangen er ikkje så stor.


Og på mandag er eg heime att.









mandag 30. september 2019

Siste etappe - å koma heim.


Borte bra men heime best. 
Eller ikkje.
Det kjem nett an på samanhengen.
Når det å vera borte kjennest som heime, er det å vera borte like bra som å vera heime.


Eg er super glad i heime.
Og reiser heim så snart eg kan.

Som etter jobb for eksempel. 
Men no kjenner eg at dragninga til meir "borte bra", er ganske sterk.

I går fekk eg den gledelege melding frå Norsk Tipping, som alle ventar på. Den om at eg hadde vunne! 
Det var berre det at summen var 45 kroner.
Det held ikkje til eit husvære på Kreta.

Men draumen er det viktig å ta vare på. Og draumen dyrkar eg som det skulle vera ein urteplante. Vatnar han og pratar med han og passar på at han held seg i live.
Det kjem eg til å halda fram med, så lenge eg har evne til det.



Eg er attende i Skandinavia.
Det er haust.
Alt på veg inn frå Kastrup, såg eg folk med luer og støvlettar, og eg førebudde meg difor på kulde.
Men det var ikkje så gale.
Ikkje akkurat gresk temperatur, men ingen klage frå denne kanten.
Livet er meir mangfaldig med årstider.




Etter ei overnatting i København, var det klart for 8 timar på buss.
Gjennom ukjende farvatn, under vatn, over bruer, gjennom byar og øde landskap. Forbi to grensepostar, kor alle måtte ut, finna kofferten sin, ta den ut av bagasjerommet, leggja den inn att og gå ombord i bussen att.


Undervegs møtte me ein lang kø, som gjorde at me kom 1 time for seint til Oslo. Men me kom fram og det var fint.





I Oslo var eg mellom anna, på "studietur" til Astrup Fearnley muséet.
Og ellers besøkt familen. 

Nattoget til Bergen med sitje plass, gjekk strålande og no er eg komen inn døra heime. Her lever plantene i beste velgåande og posten ligg på benken og ventar på meg.
Me har fått ny oppkøyrsel for 4. gong (trur eg), taket er tett og me kan gå vinteren med eventuelt meir regn, trygt i møte.

Trur eg.






            
          Takk for turen!