tirsdag 5. mars 2013

Min dårlege samvittighet



Kva gjer ein når ein frå A til B må passera 5 damer og to menn
for femte dag på rad
anten med koppen i handa
eller trekkspel
eller magasinet folk er folk
eller som i dag – blokkfløyte!
Blokkfløytekonsert med trikken ramlande forbi kvart 5. minutt.
Han fekk sin 20-ar!
Han med trekkspelet var forresten også veldig god.

Kan eg og skal eg gje pengar til alle??
Kan eg – som eg gjorde i går, gå over på andre sida av vegen.
Kan eg nikka og smila og gå forbi, utan å leggja noko i koppen?
Som eg også gjorde i går.

Dette tek ein stor del av tankane mine for tida
Både når eg er  i Oslo og i  Bergen.
Og eg vert så jysla forvirra!
Noko seier meg at eg har råd til å gje til alle.
Men det har eg vel ikkje?
Og det vert så jysla travelt også.
Må nesten ha skranglepengar i lomma heile tida.
Og i vår kortverden, er det sjeldan eg har det.

For å vera heilt ærleg – og no brettar eg meg ut her!
Eg syns ikkje eg fortener å gå med dårleg samvittigheit for alle som ikkje har det like godt som meg.
Eg har lyst at nokon andre skal ta seg av det der.
Ikkje den dårlege samvitigheita,
men at alle skal ha det litt betre.
Det virkar ikkje som om verda går i den retninga.
Sjølv om dei fleste av India si befolkning høyrer til i det me kallar middelklassen.
Sjølv om dei fleste har både tv, bil og mobiltelefon.

Og eg er nervøs for alderdomen.

Ei av hovudinnslaga på nyheitene i dag
dreia seg om at pur unge skulejenter
får vesker til 8 000 kroner av foreldra sine.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar